Hopp til innhald

Wales i Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wales

Offisielt Wales

S4C
Uttakingar
Nasjonalt 2
Internt 0
Deltaking
Debutår 2018
Deltakingar 2
Beste resultat
Finalen 18 (2019)
Verste resultat
Finalen Sist (2018)
Poeng
Totalt 64

Wales debuterte i Junior Eurovision Song Contest 2018 i Minsk i Kviterussland med songen «Perta», framført på walisisk av Manw.[1] Bidraget vart valt gjennom den nasjonale uttakinga Chwilio am seren, arrangert av den walisiske kringkasteren S4C.[2]

Wales har tidlegare delteke i Junior Eurovision Song Contest som ein del av Storbritannia mellom 2003 og 2005, der den britiske kringkastaren ITV hadde ansvaret for deltakinga. I 2008 viste den walisiske kringkastaren S4C interesse i å delta i tevlinga, men valde å ikkje delta.

Bidrag i Junior Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]
År Artist Song Språk Poeng Plass
2018 Manw «Perta» Walisisk 29 20
2019 Erin Mai «Calon yn Curo» Walisisk 35 18

Røystgjeving

[endre | endre wikiteksten]

Wales har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Georgia 18
2 Australia 12
Kasakhstan
Polen
5 Frankrike 10

Wales har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Italia 6
2 Georgia 3

  1. «Manw is Wales' first Junior Eurovision participant!». Junioreurovision.tv. Henta 9. oktober 2018. 
  2. «Wales: Debuts in the Junior Eurovision Song Contest» (på engelsk). Eurovoix.com. Henta 9. mai 2018.